tirsdag 21. februar 2017

Bok nr 8 frå Lilla dør bloggen



 I dag fekk eg ny Lilla dør bok i posten. Sjølv om eg har hatt mykje mindre blogginnlegg i 2016 vart det ei fin bok av det .... godt lesestoff til ettermiddagskaffien i dag. Alltid like spennande når ein har bestilt boka på nettet og ho kjem i posten.


 Litt glimt frå boka



 Heile 8 stykk til no



 Ellers har eg fått meg nytt blad:) stiligt strikkehefte frå 1949.... mange artige mønster:)


 Mellom anna hansker


 kontorjakke?

Klem
Lilla dør

Takk til dokke som ser innom bloggen og legge igjen eit livstegn.


fredag 17. februar 2017

Vår i lufta


 Sjå dei fine fargane på tulipanane mine :). Er det løye eg har lyst å strikke med friske fargar..... blir noko små plukk til påske trur eg...... denne helga skal eg ha nokre timar i bilen.  Difor viktig med bilstrikk...pluss gjere ferdig påbegynt strikk frå forrige langtur i bilen.


 Gleder meg til å strikke av desse fargane.  Får sjå over helga kva det blir til:)


Fritidsgarn og PT2 , mønster og ulike strikkepinner.....ligge godt an då
Ha ei fin helg

Klem
Lilla dør

torsdag 16. februar 2017

Kortbukse med sele


 Inspiret frå Instragram vart det ei barnebukse av rester, Mini Alpakka frå Sandnes garn. 
Str. 6 mnd. Mønsteret fann eg i  eit strikkehefte frå Sandnes garn.


 Jillt å strikke slike små ting, passa greit når ein er inne i ein periode med lite strikk. I allefall litt reduksjon i garnlageret. Godt ha liggande noko på lur til ei gåve eingong.


Klem

Lilla dør

mandag 6. februar 2017

Innkjøpsstopp av garn men bøker må være lov :)


 Denne helga vart det to bøker og sist helg ei......så no kan eg visst strikke. Mykje eg har lyst til. Så eg får seie som eg sa på Instagram tidlegare "ikkje feil med helg". Har hatt ei fin helg med tur, vennebesøk, baking og mykje strikking. Det einaste var at eg fekk lite tid på syrommet. Men eg kan jo ikkje klare alt eg har lyst til.....må være litt sosial og.



Siste boka eg har snopa.  Denne #Bystrikk var bare knallfine......kan bare anbefale den og. 

 Mitt favoritt tur område... ved sjøen. 


 Urtebrød a´la Linn :)
Måtte teste dei. Det blir nok fleire av desse. Takk for oppskrifta!


Starta på nytt med teppet mitt.  Litt annan fasong no. Kvadratisk i staden for avlangt. Så lite garn som eg har :) er det lurt å rekke opp att av og til. Har og fått felt av ei barne bukse......kjem bilde etter kvart.
Viss nokon vil besøke meg på Instagram er brukernamnet mitt der "karialise"

Klem
Lilla dør

søndag 5. februar 2017

Kosedyr/Kaninstrikk :)



Kom over eit koseleg mønster på Purl soho. No i desse tider gjeld det for meg å strikke ned garnlageret så eg måtte bruke garn frå mitt eige lager. Så då vart det dobbel tråd Duett på pinnar nr 6.5. Mjuk og goé kvalit som passar til bruken etter mi meining. Fylt med vatt.


 Mønsteret fann eg på nettet




 Jillt å strikke


 Kanskje kan det bli til ei gåve ein gong. 


Ha ei goé veke

Klem 
Lilla dør

lørdag 4. februar 2017

Lilla dør på besøk på Oslo Design Fair sist helg




 Sist helg fekk eg lov til å besøke Oslo Design Fair på Lillestrøm. Kjempekjekt og inspirerande. Mykje fint å sjå.  Mykje jordfargar/natur vil eg seia pregar trendane no i vår.... 


 LIn i ulike kvalitetar



 Mykje "botanisk" i form av grønne planter, trykk og fargar var noko som eg følte prega våren og trenden no.....


Sjå desse fantastiske porselensfata som eg såg...... dei var bare heilt utruleg fine.
Designer + keramiker er Mona Ness




Viktig med kafebesøk.... ofte :)


 Som ein av dei fyrste 100 besøkande på messa på lørdag fekk eg eit fint tøynett med litt reklame på. Fine fargar og kjekt minne frå kjekk dag.


Ei av mine håpefulle hadde saman med ei gruppe på HIOA kome til finalen i Røros Tweed sin konkurranse. Desse fire pledda var plukka ut og skal stemmast på. Vinnarpleddet skal inngå i Røros Tweed  sin haustkolleksjon i 2017. Det var visst over hundre bidrag så bare det å bli ein av dei fire beste er jo fantastisk....... kanskje vinn dei 



Designeren og hennar bidrag saman med tre andre på HIOA.

Klem stolt mamma
Lilla dør