onsdag 23. november 2016

Førjulsbesøk på Voll Juletregard


Mykje fint hjå Marit og Ove i tillegg til juletrea. Vel verdt eit besøk enten du skal ha juletre eller julegåve til deg sjølv eler nokre andre. For min del vart det mykje til meg sjølv denne gongen.


Denne typen her fall eg heilt pladask for .... han måtte være med meg heim. Han blir min følgesvein no i desember. Han kjem nok til å få ein ny heim i Skorane. Foreløpig sit han i gangen her heime.





Sjeå denne lykta som Marit hadde laga. Den er ca 50 cm høg


Einerkrans...eg har så sansen for einer men den er vond og arbeide med.

Me var visst litt tidleg ute for juletre....men vi får det over helga:) Har planer å ha det på terrassen no i desember. Kanskje me kan gå rundt juletreet ute no i den søte julestria. Velkommen innom til gang rundt treet.

klem
Lilla dør

1 kommentar: