lørdag 30. april 2016

Kreativ utfordring liker eg


Eg fekk den stoffpakken sist helg av ei go´e venninne med utfordring om at eg skulle sy noko av den. Ho var spent på kva det vart og det er i grunnen eg og. Sjølv om  eg likar  slike utfordringar veldig godt.


Flott stoff i fine fargar. Butikken ho hadde kjøpt det i kalla det amerikapakke ...litt usikker på kvifor, men men

Sjå desse flott bilda eg tok den helga frå "#verdasjillastehytta". Her frå stovevindauget:)


 i fjæra
sjå så klar sjøen er.....



Dette går an   


Det var ikkje så verst dette heller. Var innom lokal butikken og kafen der:)........ måtte bare, hadde jo feriedag og alt


Eg skal legge ut bilde når produktet er ferdig...kanskje snart kanskje om ei stund etter godgjeringsprossessen :)


I kveld passert eg 350 000 sidevisninger på bloggen min.
 Hjelp, er heilt imponert over kor mange som er innom og ser. Tusen takk for alle kommentarar og oppmuntringar . Alltid jillt med tilbakemeldinger....
Har nett mottatt mi 6. Lilla dør bok. Kjekt sjå tilbake på min lille " kreative" verden.

Klem
Lilla dør


fredag 29. april 2016

Blåveis frå hagen til mamma :)



Var innom mamma på mandag det er alltid like kjekt...... Dumt at me bur så langt frå kvarandre. Vart veldig inspiret av den fine bordpynten ho hadde med blåveis i frå hagen. Nydelig blomst...... vårblomst.


 Sjå dettte fine broderiet ho held på med å brodere.....har ønska meg det. Fantastisk fint, skal bli ei pute. Fine fargar og nydelig arbeid. 





 Måtte ut i hagen å zoome inn ein blomst....


Takk for inspirasjon
Kanskje andre kunne bli inspirert av det, difor deler eg det på bloggen......

Klem
Lilla dør

tirsdag 26. april 2016

Hav og himmel slumreteppe




 Eg har sydd meg eit sengeteppe/slumreteppe i blått. Vart inspirert av ein serviett og av alle strandturane mine.......min favoritt turplass. 


 Quilta det med symaskina.  Steinstoffet er frihansquilta med stoppefoten, resten har eg quilta med å sy bua linjer på tvers. 





 Sele hamn


 Måtte ta teppe med meg ned til Selestanda ein ettermiddag....... til fotoseanse


 Nærbilde av quiltinga av himmelen. 


 Til lukkekanten valde eg svart stripete bomullsstoff. Eg likar litt slike makerte lukkekantar.


 Bakstykke er i dongeri (tynn og mjuk type)


Det var jillt å sy....... blir lite sying no på denne årstida.....mykje hage arbeid og brullaupsførebuinger.  Jillt det og :). Neste syprosjekt blir brudlaupsførebuing. Har ein heil rull med kvit lin som ligg klar til å sette saksa i:)

Ha ei fin veke forsatt.

Klem
Lilladør

lørdag 16. april 2016

Lite håndarbeid......tid for hage




 Det vårast og  det har vore ganske bra ver på Jæren den siste veka. Blir lite overskudd til kreative sysle utenom hagearbeid.... merkar at me har stor hage.


Fekk så vidt litt tid ved symaskina her ein kveld..... det var jillt:) Kjenne på at eg skulle hatt meir tid der. Det gir glede og avkobling.


Quilting på gang


 Her skulle det ha vert før og etter bilde. Gubben især har stått på her i dag. Fjerna greiner, grasstorver og ugras,  har vel kjørt bort ti trillbårer her idag. Det er vel bedre trening enn treningstudio :) Kjenne me har vondt i musklar me ikkje visste me hadde i kveld.


Fint vart det


 Mange bed ventar og ropar om hjelp.... :)


 Desse har sådd seg sjølv frå i fjor. Kjempefine. Nydelige farger.


 Ramsløk på gang. Kjekt når det ein planta i fjor kjem opp igjen i år......gleder meg til eg kan høste dei på forsommeren


 Rababra ;) mange slik tuer....så iår blir det rababrasaft etc.


 Gubben snikrar litt inni mellom. Hyller på terrassen på gang.... egen design igjen. Han slår stadig til. Dette er blomsterhyller til pelagonier...... skal få sjå meir etter kvart.



Maling på gang.... det blir grått i år.

Klem
Lilla dør

søndag 10. april 2016

Pottemaker og stemorsblomster


Eg snopa eit brett med stemorsblomster. Her er eg i gang lage blomsterpotter av gamle aviser. Kjekt med gjenbruk og fine vart dei :)




 Kjøpte pottemaker hjå "I Gros hage" på nettet. Eit sett med tre størrelser:). 


Prøvde det ut i helga som potteskjuler til stemorsblomstane, eg brukt det som bordpynt. Men dei er vel mest brukt til å plante frø og blomsterspirer i. Fordelen med avispottene er at dei kan plantast rett ut :)


her med hampetau rundt



Her er det tekoppane som er blitt  blomsterpottet:)



Ha ei fine veke.... jillt med vår. Har vore ein tur på hagesenter i helga. Kjenner at det gjer godt. Har vore ei fantastisk fin helg på alle måter. Fått vore mykje ute på tur. Hatt besøk ....det er alltid jillt.

Klem
Lilla dør

fredag 8. april 2016

Endelig heile gjengen samla


 Me starta på dette prosjektet våren 2014....... endeleg klarte me samle alle til foto seanse :) Me har laga desse i Løsmasker, ein strikkeklubb eg går i. Vi er seks damer som brenn for strikking som møtest av og til til inspirasjon pluss pluss.


 den med sløyfa på hode er mi duppedeis


 Fin gjeng


Har verkeleg lyst å lage fleire av desse....håper eg får anledning til det. Treng hjelp eller kurs for å lage sjølve kroppen...... Takk til Ragnhild som gjorde dette prosjektet mulig.

Ha ei fin helg.
Klem
Lilla dør