mandag 29. juni 2015

Strikka gåve


 Mi strikketante på 90 pluss hadde strikka desse fine tøflane til oss......... no ligge dei klar til bruk på hytta
Sjå kor fine dei er...



Kan se ut som det er ulike størrelse på tøflane men dei er heilt like ......det har med fotografen å gjere :))))




Klar for hytte gjester


Fekk også dette ......det manglar bare nokre sting....... Håper eg fiksar det snart, må bli eit hytte broderi

klem
lilla dør

søndag 28. juni 2015

Strikkegrafitti frå Florø



Se meir strikkegrafitti frå Florø her

frå Nrk Sogn og Fjordane.  Se filmen :)





Mange kreative damer i Florø.
Veldig jillt og inspirande å sjå og oppleve.


Klem 
Lilla dør

mandag 15. juni 2015

Jordbærrabarbra-syltetøy frå eigen hage = glede


 Endelig har eg fått litt rabarbra i hagen!!!! Har nett planta endå fleire planter..........håper eg får glede av dei neste år



 Klar til sylting eller kakebaking:)......



 Syltetøy på gang med kanel


Det vart kjempe godt...klar til ha på brie eller på nysteikte sommervaflar


 Håper på større avling neste år:)


Klem
Lilla dør

søndag 14. juni 2015

Ei fantastisk flott oppleving......det var mektig!




Stavanger Kunstmuseum har utstilling av Frida Hansens mest kjente bildevever og skisser i akvareller i størrelse 1:10. (For meg var dei reine kunstbildene skissene og).
Det er laga ein fantastisk katalog/bok om utstillinga med mykje informasjon.  Jille lesing. 
Frida Hansen var Norges fyrste plantefarger, ho farga sitt eget garn. 







 Salomes dans
193 x 682 cm


 Semper Vadentes



 Sommernattsdrøm


  Semper Vadentes




 Peoner


 I rosehaven.








 Frå innsida av omslaget på katalogen/boka.


 Skisse til "Rosentre og liliekonvaller".


Nokre av skissene til Frida Hansen


Melkeveien.  Det er 260 x 345 cm.
Dei fleste teppa var det eller større.

Dette var ei fantastisk flott utstilling. Det var min fyrste tur dit idag men det blir fleire i løpet av sommeren og hausten. Har allerede avtalt nytt besøk med ei av døtrene min når ho kjem heim. 
Dette må dokke som er interessert i billedvev få med dokke. Unik mulighet til å sjå hennar arbeid som ellers er spreidd for det meste utanfor Norge.
Må bare.......

Klem
Lilla dør

lørdag 13. juni 2015

Nytt teppe på gang :) kansje


 Ulike linstoffer. Stoffet med Hortensia er frå Designers Guild. 


  Inspirasjon og sommerlesing i siste bladet til Lev Landlig.



 Eg er litt usikker på korleis eg skal sy det.  



Hortensia Magical med kompakt blomster


Vanleg hage hortensia som er min favorittblomst
så eit slumreteppe med hortensia må nesten være eit must :)))

Velkommen til nye følger.


Klem
Kari

torsdag 11. juni 2015

Kupp på Fretex



 Lokk til ei ildfast skål eller til ha over eit fat. Såg heilt nytt ut,  har nok ikkje vore mykje bruk. Eit kupp!!!!


turi design frå Figgjo


 Detalbilde av sjølve hanken på fatet


 Dette fiskefatet kjøpt eg og ..... fantastisk spør du meg.
Også det er Figgjo produksjon


Gler meg til eg kan servere sjølv fiska fisk på det til sommeren på hytta :)

 Klem
Lilla dør






onsdag 10. juni 2015

Sørlandstur



Sist lørdag, den 6. juni reiste me til Kristiansand og Grimstad og henta heim ein student :). Me peila oss inn på frokost på Drømmeplassen i Kristiansand.... eit bakeri med kafe. Noko for alle sansane,   kan anbefalast.



Litt tid til shopping og innsamling av inspirasjon i interiør- og stoffbutikkar.
Her vindaugskikking hjå Kreativ Quilt.  Det vart litt stoffhandel og, sjølv om eg har kjøpestopp for stoff.....bare litt vart det.......måtte baaaaaare,  eg trong det:)

Lyspunktet
er ein fargerik butikk.  Dei og har mykje kjekt.


Lunsj på Apoteket i Grimstad.


Litt gatevandring i smauene i Grimstad. Her foran koselige kafe Ibsen.






På skulen var det både koldtbord og kakebord. Mykje jill underholdning, konsertar og vitnemålsutdeling. Følte meg som stolt mor.


Sommarfølelse!


Tur langs stien ned mot sjøen.


Var heldig å traff mange kjekke folk,  noen kjente me frå før, og me vart kjent med nye......kan det bli bedre. Mellom anna traff eg ei som eg hadde vore hjå for 15 - 16 år siden og handla fint neverarbeid..... Denne sukkerdåsen som ho har laga har vore i bruk hjå oss siden då:). Ho også hadde ein sønn på skulen. Tips, ho lagar forsatt flott neverarbeid.


s
Sekk som ho har laga 


Ha forsatt ei fin veke . Her ventar vi på male ver :)

Klem
Lilla dør