søndag 31. mai 2015

Nytt sommarteppe til kalde kvelder på terrassen



 Resteteppe, eg hadde nokre bitar stoff igjen etter eg sydde:


 Bakstykket er eit gammalt blåblomstrete stoff eg hadde på lager. I grunnen kan teppet godt brukast på begge sider.



 Blomsterteppe, 
sydd i moda stoff i Honey honey serien. Dei mørkaste stoffa som låg igjen frå sist teppe :)




 Stemorsblomster frå hagen


 Eg valde oransje kant på teppe då eg quilta med orangemelert tråd også. Eg quilta teppet med symaskin og overtranspotør. Fungerte veldig godt. Brukte stinglengde 4.


 Klar til sommeren som visstnok kjem ut i veka





Klem Lilla dør

lørdag 30. mai 2015

Heimelaga pølsebrød med grovt mjøl



 Som nemnt tidlegare har eg fått meg ny bakebok... veldig fornøgd og inspirert av den (den var på tilbud kr 149,-).  "Eltefrie brød og himmelske kaker" av Ina Janne Johnsen. I dag vart det grove pølsebrød. For å skryte sjølv vart dei veldige goé .... så kveldsen smakte godt på terrassen i kveldsola. 


 Goé deig å jobbe med og den heva seg som om den hadde betaling




 Dette blir nok ein sommerslager hos oss.
I tillegg er det pølsebrød som både smaker godt og mettar.


Ha fin lørdagskveld videre
Klem
Lilla dør

fredag 29. mai 2015

Fredag = helg


 Ynskjer dokke ei goé og kreativ helg.
Roser er jillt å få.  Sjå dei fine lillarosa fargane........
heldige meg igjen


Takk til dokke som ser innom bloggen og som gjerne legger igjen eit livstegn.

Klem
Lilla dør

onsdag 27. mai 2015

Heldige meg ...


  I går ettermiddag var det klubb igjen. Det er alltid jillt. "Løsmaskene" er ein strikkeklubb eg går i :) Det spesielle var at me skulle sy denne kvelden. Så eg hadde symaskina mi med på tur til eit naust. Elisabeth har designa eit flott "mappe" til strikkepinner. Ho hadde laga material pakka til den. Me sydde og me sydde under kyndig veiledning. 



 valgets kvaler 


 Min



Vi sydde i maritime omgivelser


 Også fantastisk kyllingssalat med godt tilbehør.......kan det bli betre?


 I ettermiddag har eg gjordt den heilt ferdig...veldig fornøyd.


 Eg har fylt i trepinnane mine.......


 Det er mange rom, så no har eg reisemappe til strikkeutstyret mitt. Kjem godt me til alle bilturane våre og til ha med på hytta.


Tusen takk for ein flott kveld Elisabeth
 og takk for du delte det med oss.
Er eg ikkje heldig? som få lov gå i ein slik kreativ klubb???


Klem
Lilla dør

mandag 25. mai 2015

Langhelger, det liker me


 Pinse og langfri er godt for sjel og lekam:)...... gjere nesten det ein har lyst til. Eg har hatt ei flott helg med mykje sosialt liv pluss opp til fleire turar ut i det fri. Og for ikkje å gløyme innsatsen i hagen på lørdag.


 Grøtfest på terrassen lørdag til lunsj.


 Ein snev av sommar på terrassen denne helga innimellom haglebygene!


 Eg har og fått baka litt gjærbakst som er favoritten min. 


 Focacciabrød er ein slager hjå oss og heilt ferskt er det ekstra godt.


 Melsvatnet rundt opp til fleire gonger denne helga.
Kan det være eit snev at eit bedre liv.......sunnare kanskje?
Men det går vel fort over når kvardagen innhentar meg.






Eg fekk meg ei ny bok for ei tid tilbake.... fantastisk fin og inspirerande. Har byrja å utforske ho...kan verkeleg anbefale den. I helga laga eg desse eltefrie rundstykka, med min eigen vri. Eg hadde meir grovt mjøl i. 


 Eg sette deiga kvelden før og steikt dei i muffinsform til frokosten dagen etter. Knallbra og "snaut" (enkelt).... 



 Hage og vår høyrer i saman. No har eg byrja og i alle fall fått sådd frø og luka litt, med veldig gode hjelpa av gubben då.


 Tid til strikk har det og blitt. Fått byrja på raglanfellinga på islenderen til guttane. Dei ynskjer seg kvar sin men til å byrja med blir det ein på deling....få ha den på hytta.........trur eg.
Det er mykje mønster så det blir dobbelt ullgarn heile vegen. Det går ikkje an å fryse med den enten ein er på land eller på sjøen. 


 Grillsesongen  er igang forlenge siden og middagen blir til tider servert ute.  Det er i grunnen der me trivst best på denne tida.


 Sjå den nydelig blomsten gubben fekk her i starten av mai. Fantastisk fin, tusen takk til givaren.


 Se dei nydelige fargane!


Ha ei kreativ og fin veke. 
Viktig med mykje kos i kvardagen og.

Viktig med dei gode kaffistundene innimellom. Tid til drøs som eg og ei av prinsessene mine hadde i dag.

Klem
Lilla dør

onsdag 20. mai 2015

Onsdagsøm :)


 Eg hadde liggane nokre voksdukrester på sybordet.......hadde lenge hatt planer om sy dei til små mapper/poser til ting og tang.


 Mariusmønster gir dei strikkpreg og kan bli kjekke poser til strikketøy etc. Får aldri nok av det.


 Oransje og røde glidelåsar gir dei litt meir røft preg


 Det vart til og med opphaldsver slik at eg fekk gått ut på terrassen og tatt bilde av dei i kveldssola.



Klem
Lilla dør