lørdag 31. mai 2014

Nye sommerhåndkle


 Var dei ikkje stilige :). Kjøpt på Ikea.


Litt usikker om eg skal lage noko av dei eller det bare skal være kjøkkenhåndkle:). Tida vil vise.  Har mange idear i hodet...... av og til roar dei seg.

Klem
Lilla dør

fredag 30. mai 2014

Lupiner


 Er dei ikkje fine..... dei kjem i ein fine fargemiks i korga 


Klar til kaffi og litt strikking i hagen.
I grunnen fantastisk.

Klem
Lilla dør

torsdag 29. mai 2014

Husets hjarte - iallefall i sommerhalvåret


Stadig litt meir ferdigmalt. I helga som var vart me ferdige med utestova/ den overbygde terrassen. Jillt å flytte inn igjen der. No i sommarhalvåret er det nesten husets hjarte:)


Terrassegulvet er beisa i askegrått 




Frå utestova mot hagen.....ganske frodig no.


Pilhøna mi, som Marit på Voll Juletregard har laga, har flytta inn igjen.


Den gamle brisken som har vore på eit av barneromma i si tid er forsatt like god å kvile middag på.



Gamal Ikea-trekasse gjer nytta som hylle 


Blomane og fargane kjem endå bedre fram no. Angrar ikkje på fargevalet på veggene:) lyst og lett men i og med vi tok litt mørkere grå inni utestova er det ikkje så "glimete" heller.


Jordbærampel frå Wiig, har allerede hatt min fyrste jordbærdessert derifrå....nam nam


Jordbærløper eg sydde for mange år sidan kom til heder og ære ute. Inspirasjon og delvis mønster: Annka. Gjenbruk kan vi vel kalle det.


 Lita tid til strikk, men det er iallefall ikkje langt vekke. Sommerens resteteppe, Arne & Carlos hageteppe


Vimplane eg sydde ifjor er på plass og. Like fargerike men det gav eit heilt anna inntrykk no når det var så lyst rundt dei.



Snart helg igjen:) Jillt når deler av utplassen no er ferdig mala og me kan rydde på plass det meste og ta ein pause før neste male-etappe:)
Ha goe fredag.
Me skal ha velkomstfest og grilling på terrassen i morgon, håper på godt ver!

Klem
Lilla dør

mandag 26. mai 2014

Slanking av stofflageret mitt og nye kjøkkengardiner



Eg hadde liggande nokre fine gamle stoff.
 Desse seks blå linhåndukane var ikkje klipt opp men hang ihop i ei lang remse, ubrukte men gamle:). Har gjort eit kupp ein gang. No har eg sydd kjøkkengardin av dei. Delt remsa i to:), tre "kjøkkenhåndduker" i kvar høyde. Passa heilt prefekt.



Med løytnantshjerter i ein gamal kaffikanne attåt desse gardina vart det sommarkjøkken med ein gong.


Og så hadde eg ei lang damaskremse som ser nesten brukt ut.....usikker kva den kan ha vore brukt til. Den er ca fire-fem meter lang. Hadde ein gamal søm i den eine sida . Men no har eg sydd den til ein lang løper på nesten 3 meter pluss tre kjøkken håndduker. Denne er i bomull med fin vevstruktur, damask.


Klar til sommar og mange sommargjester rundt kjøkkenbordet. Det likar me.



Tre damaskhåndduker vart det og nok stoff til av damaskremsa i bomull.





Ha ei god veke forsatt.... snart helg igjen.

Klem
Lilla dør

søndag 25. mai 2014

Nye leigebuarar:)



Medan vi malte og naut sommaren på terrassen i helga var denne kjøttmeisa i full sving med å mate dei små ho har i fuglehuset MITT. Koslig å sjå og høyre livet inni fuglehuset. Men om eg likar fugleloppene og fugleskiten som følger med er eg meir usikker på.



 Fuglen blir tammare og tammare jo meir vi er der.......den blir liksom vant til oss, men er heile tida på vakt. Eg har funne ut at den/dei har det travelt frå tidleg morgon til seine kvelden. Det går ikkje mange minutt mellom kvar gong den er der og matar ungane. Lurer på kor mange dei har der inne. 


Her har  han visst oppteljing:)
(Desse bilda er det junioren som har tatt)

Ha ein fin vekestart!

Takk til dokke som har vore innom bloggen og lagt igjen eit livstegn. Det gir inspirasjon.


Klem
Lilla dør

fredag 23. mai 2014

Urtebenken til gubben



På ein langbenk på terrassen har me urtene våre (helst gubben sine). I år har mange klart seg godt i vinter og blitt store men ein del nye kjøpte me på Wiig gartneri sist helg:) 


 Rosmarinen har stått her i heile vinter og me har brukt av den mellom anna på focacciabrødet og lammesteika.


 Myntenstauden veks og veks.



 Kaffikjelen er aldri langt vekke her i huset:) sjølv om denne er bare til pynt no



 Dill, sitronmelisse og basilikum mellom anna


 Denne veks så vi ser det. Klypte den ned sist helg, no er den snart 8 -10 cm igjen.


Ny innkjøpt av meg :). Har kjøpt meg jordbærrabarbra. Håper eg får den til. Eg har i dei sist åra ikkje hatt rabarbra som veks hjå meg dessverre, prøver igjen :)))


Årest fyrste jordbær på terassen i hengeampel klar til prøvesmaking. Glede.

Det fungerer godt med utebenk på terrassen (håper ikkje sniglane finn den) men eg kunne ha tenkt meg drivhus. Det ville vel helst blitt brukt til lysthus med god plass til kaffebord og to gode stoler til å nyte kveldssola i kjenne eg meg (oss) rett.

Klem
Lilla dør

torsdag 22. mai 2014

Hageinspirasjon frå kjøkkenterrassen i kveldssola


Tre gode ting........
Eg har teke fram nokre hagebøker og litt kaffi i Greengate-kruset mitt og nyt kveldssola og inspirasjonen frå bøkene i kveld. Kan fort bli dyrt, men men det kostar ingen ting og drøyme. Ellers fekk eg skore til stoffbitane til eit sommarteppe medan eg naut kveldssola i kveld. Kven kunne tru det vart så fine kveld når dagen starta som ein skikkeleg regnversdag:)


 Pelargonier er spennande planter. Har fleire som har overvintra men det tek si tid før dei blomstrar......tok dei forseint fram og gav dei omsorg:) Denne boka er knalljille og goé. Her finn du dei fleste typane av pelargonier.


 Denne snopa eg hos Kåre Wiig sist helg.


Kan anbefale denne boka til inspirasjon til å plante i krukker og kar på terrassen. (denne boka har dei på Handelslaget såg eg:) ). eg kjøpte mi i fjor trur eg.


 Dette må jo være draummedrivhuset:)  (bilde er frå boka om Pelagoniane)


 Denne takløken er min........han er så fin ein kunne tru eg hadde tatt bilde frå boka, men nei då 


Ha ei fantastisk fin mai helg. Håper på godt male- og hagever:)
Takk for du var innom bloggen. Velkommen innom igjen. Håper du vart inspirert.

klem
Lilla dør