tirsdag 30. august 2011

Si det med blomster heiter det visst.....


 Gildt med litt jubileum i heimen.  Då dukka desse flotte fargerike blomane opp.  



Og ein bukett røde roser. 

Kurs i Florø hausten 2011

 På bloggen min under ettikketen "Kurs Florø hausten 2011" vil eg legge ut bilde og informasjon om Kurshelga i Florø 25. -27. november 2011.

Tenkte at me mellom anna kunne sy denne snømannen. Han er ca 50 cm høg.



Og kanskje denne runde og go`e nissen


I tillegg tenkte eg at me kan sy juletreteppe, ulike julegåver, etc etc.
Meir bilde og informasjon kjem etterkvart. 

søndag 28. august 2011

Besøk i Bergen

Helgatur til Bergen på besøk hjå dei nygifte og eldstejenta. Fantasisk gildt, og godt stell. Ein liten smakebit av noko av den gode maten me fekk :)






Oreokake me feira jubilanten !






Og god heimelaga tomatsuppe med mykje godt tilbehør ! Jamen er dei unge gode kokker.
Også vart det tid til ein tur innom Pinnsvin Design i Laksevåg. Litt garn vert med heimover.

torsdag 25. august 2011

Bil strikk


Har kjørt mykje bil i ferien og no etterpå. Og då blir det god tid til strikking. Me har god arbeidsdeling då, gubben kjører og eg strikkar:) Hue til gubben av garnet til Ingeborg som ho har spunne av Leichestersaueull. Av 100 gr fekk eg nok til desse to huene. Begge huene er til gubben. Då eg hadde litt lite garn strikka eg inn litt kontrast farge på den siste hua.





 Dette sjalet er strikka i fabelgarn. Byrja med tre masker og auka i begynnelsen av kvar omgang. Når sjalet var breidt nok felte eg av i starten av kvar omgang. Aukinga og fellingen gjorde eg mellom tredje og fjerde maske  i starten av kvar omgang slik at eg fekk ein fin kant.

Pulsvanter i tynt ullgarn. Som dokke ser er er me klare for hausten og vinteren både gubben og eg. Men eg håper det går ei stund ennå før me treng dette på oss. 

mandag 22. august 2011

Glimt frå Retrohelga på Bru


 Lilladør var som kjent med på Retrohelg på Bru.  (Sjå tidlegare innlegg.) Her nokre glimt i frå utstillinga som var i hagen og verkstaden til Jofrid Bru Staurland, Hedleshaug.






Flotte lilla hotensiaer dyrka på Bru


søndag 21. august 2011

Sjeive sting

 Her om kvelden fekk eg invitasjon å komme innom Sjeive sting som er ein syklubb i Florø. Kjempe kjekt!!!  Takk for det. Vart veldig insponert over og inspirert av produksjonen deira.  Til denne kvelden hadde dei sydd Mug-rug. Alle hadde sydd ein for kvar veke i juli månad med utgangspunkt i det som skjedde den veka.



Kaffibaren i Florø


Snickerskaffi får eg bare i Florø. Nå har eg lært oppskrifta.




- Posted using BlogPress from my iPhone

torsdag 18. august 2011

Snartur til Florø






Bilder tatt fra terrassen til mamma i dag!






- Posted using BlogPress from my iPhone

tirsdag 16. august 2011

Retro og romantikk



 Ladysokkane mine eg strikka for ei tid tilbake. No har eg laga mønster for salg.





Til helga har eg med meg mønster for salg. Ellers er det bare til ta kontakt så sende eg mønster til dei som ynskjer kjøpe.  Eller de kan ta tur innom i Nordhellveien.




Løyntantshjerter, ei flott og god gamal staude. Tok bilde av dei i sommar. No har eg eg laga små veske/ potemone / smikeveske med bildet på.

Sommar på hell

 Kor vart sommaren av?  Den gjekk altfor fort. Det var litt lite sol og varmt ver slik at ein kunne bruke solstolane men me får håpa på ein flott seinsommar og haust. Mykje kjekt å glede seg over då og. Som det har vore i sommar.
 Enno er det rikt med blomster og friske fargar i hagen.


mandag 15. august 2011

Velkommen til Retrohelg på Hedleshaug på Bru


Noko nytt, noko gamalt og noko blott til lyst.
Velkommen til Retrohelg på Hedleshaug på Bru.
Lørdag 20 og søndag 21 august klokken 13-17

Ingrid Ollestad Lanza 
- kjoler av gamle klær og nye stoffer

Johanne Matre tanteodny.no
- puter og handlenett av gamle broderier og moderne stoffer

Aase Sitter, driver firma BEVARES-verneverksted for møbler
- puffer og små stoler.

Kari Nyttingnes Grødem  lillador.blogspot.com
- syr, quilter og strikker

Jofrid Bru Staurland hedleshaug.blogspot.com
- blomsterdekoratør og pilefletter

Parker på Bru kai eller ved bedehuset, på toppen av bakken finn du Hedleshaug.

Hals

Hals i ein ny farge.  Tilsalgs..... blir med Lilladør til retrohelg på Bru.

søndag 14. august 2011

Ein tur innom hytta søndag ettermiddag.


 Fuglane har flytta inn i blokkleilighet!

Skapet er endelig på plass så nå er kaffikoppane lett tilgjengelege. Så stikk gjerne innom på ein kopp kaffi eller te!

 Hage roser.......viktig med bordpynt når ein gjeng jenter skal treffast.

 Flotte bordlys i boks eg fekk av ei venninne som forsinka fødselsdagsgåve. Er dei ikkje kjempeflotte! Tusen takk!!!

 Lilladør har eit lite utsalg her.  Ennå litt varer igjen sjølv om eg har pakka til Bru neste helg.




Retrohelg på Bru


RETROHELG

Noko gamalt, noko nytt og noko blott til lyst. Velkommen til Retrohelg på Hedleshaug på Bru
lørdag 20 aug. og søndag 21. aug klokka 13 - 17.
Me er fem damer som stiller ut og har salgsutstilling hos Jofrid Bru Staurland. Så sett av tid til å besøke oss. Parkering på Bru kai eller ved bedehuset, vandre opp bakken så finn du Hedleshaug.





Når du kjem inn på bloggen kan du trykke på salg i etikketter. Då ser du litt av det eg har til salgs.

tirsdag 9. august 2011

Retrohelg på Bru





RETROHELG

Noko gamalt, noko nytt og noko blott til lyst. Velkommen til Retrohelg på Hedleshaug på Bru
 lørdag 20 aug. og søndag 21. aug klokka 13 - 17.
Me er fem damer som stiller ut og har salgsutstilling hos Jofrid Bru Staurland. Så sett av tid til å besøke oss. Parkering på Bru kai eller ved bedehuset, vandre opp bakken så finn du Hedleshaug.


Kake- og salatpynt.

 På Brimibue i Lom kom eg over denne fargerike kakepynten. Sjå bare namnet på kake pynten.  Det ropte på meg. Fargeglede!!! Så no skal det bli sjokoladekake og muffins med sommarblomar på.

På Blåfarveverket kom eg over dette flatbrødet. Om det var posen eller flatbrødet som gjorde at det vart med heim kjem igrunn ikkje an på. Flatbrødet smakte kjempe godt og posen er knallfin:)

mandag 8. august 2011

Ein tur innom Sverige.

Ferietid og ut på tur! Mellom annna var eg innom Stockholm i eit par dager, og sjølvsagt måtte eg ha med meg nokre garnbutikkar og i tillegg kom eg over nokre spennande design stoffbutikker;

 I Gamla Stan fann eg Stina Jakobsson Design. Ho selde både klede og stoff. Eg kjøpte med meg nokre stoffbitar. Kanskje blir det tunika av den eine.  Stoffa hadde motiv som var stempla på via voks.


 Ein annan butikk eg kom over var "10 Swedish designers "på Södermalm som hadde helde på sidan 1970 med design og trykk av ulike stoff.


  I Gamla Stan var det og nokre spennande små strikkebutikkar. Den eine selde tynt ullgarn og ein del lingarn.
 Her "silke garn". Såg meir ut som stoff remser. Har tenkt å bruke det til kantar av ulke typer. Gler meg til å prøve.


Mykje flott lin i Sverige i ulike kvaliteter. Både som stoff og garn. Her er eit veldig grovt linstoff - såg mest ut som strie.   Måtte bare ha med meg i ubleika og kvit. Ser for meg løpar,  kurvertbrikker og hånddukar. Stoffet kom eg over på ROOM.  Ellers var det mange flotte interiørbutikker bl.a. Bruka, Dis og Koffert i Humlegårdsgatan.