mandag 28. november 2016

Poncho


  Eg strikka den i Love mohair. Det gjekk med 200gr. Eg strikka den på pinnar nr. 9.


 Klar til bruk...veldig lett og lun. Blir nok ein favoritt på kalde dager. 



 Har vore eit flott bilstikk no i november.



Ha ein kreativ kveld med eller uten strikk.


Klem
Lilla dør

torsdag 24. november 2016

Adventsførebuing


 Me måtte lage ny søyle på trappa i bjørk. Fann diverse greiner i hagen.  Jillt arbeid no i adventstida. Kjekt og stemningsfullt med lys i denne førjulastida.




 Roser som blomastrar i hagen fortsatt





 Forsatt litt pynt og miljø på terrassen,  klar til å nyte ein kopp sjokolade eller kaffi. Det liker me.



 Denne kransen har eg visst før den snopa eg på Voll juletregard sist helg i flott einer.
No heng den ved inngangsdøra.



Hadde med nokre slike små furuer med rot frå Skorane då me var oppe sist. Desse synest eg er dekorative og fine no i adventstida.
Men fyrst er det juletur til Stuttgart i ettermiddag

Adventshelsing
Lilla dør

onsdag 23. november 2016

Førjulsbesøk på Voll Juletregard


Mykje fint hjå Marit og Ove i tillegg til juletrea. Vel verdt eit besøk enten du skal ha juletre eller julegåve til deg sjølv eler nokre andre. For min del vart det mykje til meg sjølv denne gongen.


Denne typen her fall eg heilt pladask for .... han måtte være med meg heim. Han blir min følgesvein no i desember. Han kjem nok til å få ein ny heim i Skorane. Foreløpig sit han i gangen her heime.





Sjeå denne lykta som Marit hadde laga. Den er ca 50 cm høg


Einerkrans...eg har så sansen for einer men den er vond og arbeide med.

Me var visst litt tidleg ute for juletre....men vi får det over helga:) Har planer å ha det på terrassen no i desember. Kanskje me kan gå rundt juletreet ute no i den søte julestria. Velkommen innom til gang rundt treet.

klem
Lilla dør

tirsdag 22. november 2016

Julegrisar i lin


 For fleire år sidan klypte eg opp to grisar i lin etter eit Stoff og Stil-mønster. Dei vart liggande, men no i haustferien tok eg dei med til hytta og jammen fekk eg ikkje sydd dei. ;) Ein "ufo" mindre og julegrisane er klar


 Her er det øyrene som vert sydde




 Godt å vera to


 Ganske stor den største. Her er den oppi ein gammal Hansa-kasse





God førjulstid

Klem
Lilla dør

mandag 21. november 2016

Tantes sokkar og vottar



Eg har ei fantastisk flink tante på over 90 år som strikkar og lager sine egne mønster....sist eg var innom ho fekk eg og gubben kvar vårt vottepar :) og desse sokkane. Ho har strikka dei dobbelt så dei er så varme og goé. 


Dette var eit anna par ho holdt på med . Tok bilde slik ein kan sjå kor doble dei er.
Eg har ein draum om å gi ut mønstra henne ut i bok form:) slik at me i slekta kan få bevart dei. Håper og trur me får det til.


Eg gler meg til snø og kaldt ver slik at eg kan ta i bruk desse flotte vottane. Har dei på hytta klar til bruk.




Her skal me ikkje fryse:) 
Tusen takk tante!
Klem
Lilla dør

lørdag 19. november 2016

Bilstrikk er viktig


 Når ein kjøre mykje biltur til tider er det viktig med bilstrikk. Ein får strikka mykje då. Nå er eg så heldig at eg slepp å kjøre. Ofte har me 8-timers turer. Det blir blir nokre masker innimellom kaffi og ferje pauser. Her er frå sist helg då vi var oppover ein tur til verdasjillastehytte.


 Lilla mohairtråd på pinne nr 9 var strikket sist tur. I grunnen litt vanskelig farge å sjå i mørke...måtte til med lys....


over Romarheim


Godt med gode strikkeposar når ein treng å ta det med seg inn og ut av ferjer og.
Gler meg til neste tur!
viktig å ha med nok garn..... er ferdig med dette prosjektet. Skal bare feste trådane og sy det saman. Det kjem på bloggen etter kvart.
Klem
Lilla dør

fredag 18. november 2016

Bosskorger /sykorger


 Eg fekk sydd meg eit par av desse i haustferien no i november, Hadde kjøpt mønster og stoff hjå Kathrines quiltestue.


 Fotoseansen er i Skorane i haustsola



 Korgene kan brettast saman og er lett å ta med ..... inni sjølve korga er det ei stålfjør,
"The fat quarter gypsy small Pop-up".






God helg.

Klem
Lilla dør